Velkomen til Bessheim Fjellstue & Hytter

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå fredag 9. februar til søndag 12. mai 2024. Etter påske held vi ope i helger/langhelger. Fottursesongen startar fredag 7. juni i 2024. Laurdag 8. juni startar Gjendebåten å frakte passasjerar på Gjende, blant anna for å gå Besseggen. Gjendebåten går stort sett kvar dag fram til 6. oktober 2024, og vi held ope like lenge. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Bestilling av rom og hytter:

Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. I onlinebookingen kan du bestille hytter og rom, ikkje campingplass. Når du har sendt inn bestillinga får du ein e-post med spørsmål om du vil bestille middag nokon av kveldane som du bur her.

Vi har fire elbilladarar som du kan betale for å bruke på veggen på hovudbygningen. (Vi vil ikkje at du skal lade ut frå hyttene eller romma på grunn av brannfare og forsikring).

JULEBORD. Julebord har vi ikkje, men vi kan absolutt anfale andre helga i februar for firmaet ditt! Vi opnar for vintersesongen fredag 9. februar og laurdag kveld er det middagsbuffett med dessertbord og levande musikk.  Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til dans og underhaldning. Dei fleste har mykje betre tid til ein slik sosial kveld i februar enn i desember, for da skjer det så mykje likevel. Laurdag 2. mars har er også eit alternativ; Geir Byre spelar etter seksretters middag. 

Overnatting og camping

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter her på Bessheim. I tillegg har vi ein liten campingplass.

Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene.

Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

Mat

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.00 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i førvegen.

Tips til turar i Sjodalen og i Jotunheimen

Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen. Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål. Alt frå stutte turar til krevjande ruter til nokre av dei høgaste fjella i landet. Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet, kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål. På Bessheim kan du gå på tur sommar som vinter. Spør gjerne etter turtips!

Sommar

Sommarsesongen 2024 startar fredag 7. juni, og vi stengjer søndag den 6. oktober.

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no Her og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

I Nord-Gudbrandsdalen kan du fint bruke mange dagar utan at det blir kjedeleg! Rafting, juving, fjellturar, kulinariske måltid, dyreliv, kyrkjer, Norsk Fjellmuseum, setring, jordbruket, småskalaprodusentar og mykje, mykje meire.

Vinter

Vintersesongen på Bessheim varar i 2024 frå fredag 9. februar til 14. april. Frå 14. april til 12. mai held vi ope i helger/langhelger.

Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske.

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

Gjennom vinteren har vi somme kveldar middagsbuffet, levande musikk, besøk av Lom Bryggeri, handarbeidshelg med Vågå Husflidslag og Naturgull med vidare. Sjå meir om dette under fanen «ARRANGEMENT».

Her finn du oss

Du finn oss rett attmed fylkesveg  51, den Nasjonaleturistvegen over Valdresflya. Ta eigen bil, buss, eller kom til fots fra en av dei andre hyttene i Jotunheimen.

Bessheim

Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen til sommaren? Da må du bestille deg billett til Gjendebåten. Les meir.

Bessheim ligg 5 kilometer frå brygga på Gjendesosen. Det er lurt å vera der på Reinsvangen ein halvtime før båtavgang. Reinsvangen er den store parkeringsplassen som ligg to km frå bryggja. Sjølve kjøreturen opp til parkeringsplassen tek berre 5-6 minutt.

Frå gjesteboka

På mange fjellhytter finst det gjestebøker der gjestene kan skrive og takke for seg. Under finn du eit utdrag av desse, også frå den moderne gjesteboka TripAdvisor. Skriv gjerne du også!

Spiste fantastisk buffet med mye god mat og dessert. Vi var alle kjempefornøyde. Flott sted og hyggelig servering. I tillegg ligger Bessheim midt i fantastisk natur, med mulighet for et utall av turer både sommer og vinter. Husk også å besøk vakre Heidal.

Kva synest du om Bessheim?
Vi vil gjerne høyre meininga di. Legg gjerne igjen ei melding på TripAdvisor.

For fjellfolk av fjellfolk siden 1890

Bessætrene var tradisjonelle sætre, tilhøyrande gardar i Vågå. Frå midten av 1800-talet kom fjellvandrarane i aukande tal, eventyrlystne nordmenn og utlendingar. Det var på moten å oppdage nye og ukjende delar av landet.

Påske i Jotunheimen

Bessheim har sesong frå omlag 10. februar til midt i mai og frå 10. juni til fyrst i oktober kvart år. Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim.

I år 1901 fekk eigaren av Bessheim, Iver Storvik, 100 kroner frå Foreningen for Ski – Idrettens Fremme (Skiforeningen i dag) for å halde oppe i påska. Bessheim var fyrste turisthytta som hadde påskeope i Norge. Etter det har familien teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver,  øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og fest påskekvelden🌞

Påska i 2024 startar fredag 22. mars og varar fram til 2. påskedag som er den 1. april.  Bestill på e-post eller i webbookingen. 

Velkomen til fjells!

Opplæring etter Arne Brimi sin filosofi

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi. Dette er eit samarbeid mellom reiselivsbedrifter aust i Jotunheimen. Dei tilbyr læreplassar i kokk- og bakerfaget, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene. Vi er ein stolt del av samarbeidet og har kvart år fleire unge lærlingar hjå oss.

Straum

På Bessheim produserer vi vår eigen straum.

Bestefar, Knut Lund, bygde det fyrste kraftverket i Bessa i 1948. Dette produserte 14 kw og var nok til å få elektrisk ljos. Det vi har i dag, sette han opp i 1961, hadde ei oppgradering i 1997, og det surrar og går fortsatt. Vatnet til kraftverket kjem frå elva Bessa. Bessa renn 400 høgdemeter frå Bessvatnet og ned i Øvre Sjodalsvatnet. Bessa er ei perle av ei elv, og det at vi kan nytte litt av dette vatnet til straum og vassforsyning er vi glade for. Her dusjar du i Bessvatn, drikk Bessvatn og straumen du brukar her er frå Bessvatnet. Bessa Kraftverk produserer 100 kw og treng ikkje anna vedlikehald enn litt smurning med jamne mellomrom, så dette er rein energi.