| Hausten 2010 på Bessheim |
|
|
|
Rypejakta har også starta. Vi sel jaktkort til Langmorkje statsalmenning, utan hund. Det er meir fugl i år enn i fjor, så det er berre å ta turen til fjells :-)  Vi vil anbefale alle som har tenkt seg til fjells å legge om til vinterdekk på bilen. Vær og føre forandrar seg fort, og med kaldegrader om natta kan det fort bli glatt etter vegen.  Det er framleis ein del ledig fram til vi stengjer, så det er berre å ta kontakt for ein førespurnad.  HAUSTFERIEN Vi har ope til 10. oktober, og båten går kvar dag i veke 40 kl 0900. Det kan bli snø så seint på året, men det kan også vera ei fantastisk fin tid å gå i fjellet på. Ta kontakt for eit godt tilbod i haustferien.  Velkomen til fjells!  Helsing Kari og Ragnhild   |








Vi er no langt utpå hausten, men det er framleis fint å gå i fjellet. Det ligg snø når ein kjem litt oppover, så det er viktig å ha gode sko. Ein må også hugse lue, vottar, ullundertøy og vindklede når ein skal til fjells. 